the copenhagen review

editor: gordon walmsley
issue no. 6
back issues: 1 2 3 4 5

  • Welcome
  • Worth the Read
  • Tom Schulz
  • Håkon Sandell
  • Knud Sørensen
    • Knud Sørensen – English
  • Jørgen Sonne
    • Liv
    • Life
    • Logbog
    • Logbook
    • Nat
    • Night
  • Carmen Firan
  • Amy Trussell
  • Jon Fosse
    • Five Poems
    • Karsten Sand Iversen: Gentagelsensmusik – Om Jon Fosse
  • Andrei Bely
    • From: Journals of a Cracked One
    • Christ is Arisen
    • About Myself as a Writer
  • Silke Scheuermann
    • Ballerina
  • Aleksandar Sajin
  • Louise C. Callaghan

Jon Fosse

Jon Fosse lives in Norway. He is the author of many plays, many novels, essays and some few poems.

 

ei øy

ei øy går ut frå den store dimma
og kjem gåande imot oss
veldig i sine rørsler
men likevel roleg
roleg og stolt
som berre ei øy
så gammal som henne
vel kan vera
ho ser på oss
ho tenkjer seg litt om
før ho stoggar og vert ståande
heilt stille
så stille står ho
som vel berre ei øy
kan stå stille

 

ein stille vind

det går ein vind igjennom livet
og andar stille rørsle

han seier det finst ei stille
open for deg og for meg

han seier det finst ei redsle
som ikkje gjer oss redde

han seier det finst ein lagnad
og lagnaden er stille

han seier at han er vår stille
og at han er vår lagnad

 

eit andlet opnar seg

det opnar seg eit andlet
over sjøen
fjella
og bakkane det opnar seg eit andlet
med skyer og vind i håret det opnar seg eit andlet
stort som himmelen
og andletet ser på oss med augo av stjerner
der vi sit i husa våre
i båtane våre
og ikkje ser
det store andletet
som vi alle er del av
det store andletet som er oss
i oss
det store andletet bøyer seg ned
mot oss
og andar sin vind
inn i oss
og vi andar og andar
det store andletet
og vi skjøner
sjølv om vi ikkje ser

 

engel og stjerne

ein blå dag forkynner si kome
og dagens engel
vinkar deg til seg
med begge hendene sine

du snur deg og du ser at ei stjerne
lyfter begge sine hender
og vinkar deg farvel

 

hennar rørsle

og ho tek fram sine hender
og så rettar ho litt på røynda
litt
så mykje som ho kan
og så er røynda litt betre
slik held ho fram
minutt for minutt
det hender ho vert trøytt
men ho gjev seg ikkje
ho held berre fram
og sjølv når ho legg hendene ned
og søv og kviler
og er borte
for alltid borte
held rørsla hennar fram

 

Copyright © Jon Fosse

© 2011 the copenhagen review | Submissions and contact | Powered by WordPress | Theme: tabula rosa